Navigasjon:
Info
Om DJF
Nytt fra Fagrådet
Dalevågen
Leirduebana
Dalestølen
Fiske i Daleelva
Fangststatestikk
Fangstmelding
Infoarkiv
Bildearkiv
www.vikinghuset.no

Kontakt:
Dale Jakt og Fiskarlag
P.B 30
5721 Dalekvam

Org.nr: 981 091 736

E-Post: djf@djf.no
Om Dale Jakt og Fiskarlag:
Dale Jakt og Fiskarlag vart stifta 13. april 1947 og er tilslutta Norges Jeger og Fiskerforbund. Medlemstalet i DJF er ca. 190

Styre i Dale Jakt og Fiskarlag:

Verv: Navn: Adresse: Telefon:
Formann: Inge Sandven 5725 Vaksdal 56 59 74 05
Varaformann: Olav H. Dale 5722 Dalekvam 56 59 62 89
Sekretær: Gunnar Bakke Kjelånæ 3E, 5264 Garnes 55 24 40 54
Kasserar: Inge Dale 5724 Stanghelle 56 59 50 17
Formann klekkeriet: Øystein Sellevold 5722 Dalekvam 56 59 61 80
Formann elvestyret: Geir Magne Ulveseth 5722 Dalekvam 990 25 235
Formann stamfiskenemnda: Åsmund Karlsen 5725 Vaksdal 56 59 62 92
Formannjaktutvalet: Harald Lyngmo 5722 Dalekvam 56 59 65 17


Kva driv vi med?

Jakt.
DJF driv eigen leirduebane i Nordalen ved Dale. Her kan medlemane og andre ta del i skytetrening til småviltjakta. Det vert også arrangert stevner innanfor leirdueskyting. Laget har også samarbeid med eit hjortelag der vi kan delta med ein jeger. Medlemmer som er interessert kan melda seg på og vert med i loddtrekkinga.

Friluftsliv.
På Dalestølen disponerer laget ei hytte. Den ligg vakkert til i Dalefjellet og er eit utgangspunkt for turar i området. Hytta kan lånast ut til medlemer og andre. Medlemane har første retten.

Fiske.
DJF administrerer fiske i Daleelva. Daleelva er ei regulert elv,og sportsfiskarar må rekna med at vassføringa kan variera. Elva har ein lakseførande del på ca. 5 km. Den mest fiskbare delen ligg nedom Dale kraftverk og er ca. 3 km. Daleelva har ei god stamme av laks og sjøaure. Årlege fangstar varierer mellom 500-1200 kg.

Fiskekort i Daleelva vert seld hos Dale Trafikksenter på Dale.

Det er laga ei eige fiskebrosjyre om Daleelva som ein kan få ved å venda seg til DJF eller Dale Trafikksenter.

Opningstider:

Måndag-Fredag 07.00-23.00
Laurdag-Sundag 08.00-23.00


Korttype: 12 timers kort:
Pris: 120 kr
Fiskesonar: 9 stk.
Fiskeslag: Laks og sjøaure.
Fiskesesong: 1 juli - 30 september.

Kultivering i Daleelva:
DJF driv eige klekkeri og stamfiskanlegg på Dale. Anlegget produserer yngel av laks, sjøaure og brunaure. Laks og sjøaure vert sett ut i Daleelva for å ta vare på fiskestamma. DJF arbeider aktivt med å ta vare på dei naturlege gyte- og oppvekstområda som fins i vassdraget. Ein god del yngel vert merka kvart år ved utsetting. Ver vennleg å gi oss beskjed dersom du får merka fisk.

Har du spørsmål eller ynskjer du å bli medlem, så ta kontakt med oss.

 
Design by [ Detekt Studios ]